Ny teknologi kan redusere mjølkefeber til eit minimum
Tilskotsfôr med svært negativ KAD gitt i 3-4 veker før kalving vil i stor grad eliminere mjølkefeber dei første vekene etter kalving gitt at kua tek opp nok av tilskotsfôret.
Produktsjef drøvtyggarfôr i Fiskå Mølle/sivilagronom husdyrfag
.png)
Eitt tilfelle av mjølkefeber har ein kostnad på om lag 5 800 kroner.
Teikning: Sunniva Anette Hunsskaar Tajet
Kunnskapen er gamal, men svært dårleg smak på dei spesielle salta i slike tilskotsfôr har til no gjort at kua ikkje vil ete fôret. Slike tilskotsfôr er for lengst fjerna frå marknaden.
Ny teknologi gjer desse salta heilt nøytrale i smaken. Bonden kan dermed no endeleg enkelt førebyggje denne kostbare produksjonssjukdomen likevel.
Praktiske problem med negativ KAD
Kunnskapen om at negativ KAD (Kation-AnionDifferansen - fôrets surhetsgrad) i totalrasjonen dei siste 3-4 vekene før kalving er frå 60- og 70-talet. Forskarane ga den gongen sinkyr med vomfistel rasjonar med ulike negative KAD-verdiar. Dei kom dermed unna dei praktiske problema med den svært dårlege smaken på slike nøkkel-salt som kalsiumklorid og magnesiumklorid som begge har veldig negativ KAD. Dei fann at dersom ein doserer salta slik at kyrne får eit fall i urin-pH frå 7,4 til 5,5 - 6, så får kua tilgjengeleggjort mykje meir kalsium i blodet. Det er mangel på kalsium i blodet som gjer at kua får mjølkefeber. Tilfelle av klinisk og subklinisk mjølkefeber blei dermed dramatisk reduserte dei første vekene etter kalving hos dei fleste kyr, også hos dei mest utsette eldre kyrne.
Ny teknologi løyser problemet
I det siste har nokre industrielle føretak begynt å coate ulike smakssterke råvarer med feitt. Kalsiumklorid blir spraya med herda rapsolje gjennom ein unik teknikk slik at det behandla fôrmiddelet består av tusenvis av små partiklar som alle er heilt dekte av ein tynn coating. Den sterkt negative smaken blir dermed skjulte for smaksløkane på tunga til kua. Bonden kan dermed no enkelt få dyret til å ete kalsiumklorid og andre fôrvarer som kua normalt ikkje vil ta opp frivillig.
I løypemagen er pH svært låg, typisk 1,5 - 3, og her løysast feittet opp slik at kalsiumkloriden blir tilgjengeleg for dyret i tynntarmen, og gir så full effekt i blodet på sinkua. Erfaringane er at 100-150 gram per dag av den coata råvara er tilstrekkeleg dosering til å oppnå god effekt, avhengig av KAD-verdien i sinkufôret. Etter kalving fjernast kalsiumklorid frå kua sin rasjon.
Slik motverkar negativ KAD mjølkefeber
Aukande mjølkeyting frå kalving aukar kalsiumbehovet raskt. Eldre kyr er mest utsette for stort fall i kalsiumkonsentrasjonen i blodet, som gir mjølkefeber. Eit redusert fôropptak kring kalving reduserer dessutan moglegheita til absorpsjon frå tarmen, noko som aukar risikoen veldig. Feite kyr har størst fall i fôropptaket, og dette gjer også dei ekstra utsette.
Nivået av kalsium i blodet er hormonelt regulert. Etter kalving får kua hormonell beskjed om å mobilisere meir kalsium frå skjelettet og auke absorpsjonen frå tarmen. Men hormona verkar ikkje skikkeleg hos alle kyr. Tilstrekkeleg negativ KAD resulterer i ein mild acidose som gir auka respons frå paratyreoideahormonet som er viktig for å mobilisere kalsium frå skjelettet.
«For å sjekke om ein oppnår ønskt effekt med fôringa, er måling av urin-pH den enklaste metoden.»
Reguleringa av kalsiumnivået i blodet er også avhengig av blodet sitt innhald av magnesium og fosfor, og dessutan vitamin D. Den blir vidare uheldig påverka av grovfôrrasjonar som er rike på kalium då dette gir ein positiv KAD-verdi. Dette reduserer kua sin hormonelle respons når kalsiumnivået skal haldast stabilt etter kalving. Grovfôr til sinkyr som er svakt gjødsla med kalium gir lågare risiko for mjølkefeber.
Mål urin-pH for å sjekke om KAD-nivå er riktig
Forskarar har funne at rasjonar med negativ KAD rundt - 100 til - 150 mEq/kg TS seinkar blodet sin pH-verdi. Det stimulerer til mobilisering av kalsium frå skjelettet, og betrar også responsen av hormonelle signal slik at kalsiummobiliseringa frå beina aukar. I tillegg blir vitamin D aktivert, noko som aukar effektiviteten av kalsiumopptak frå tarmen. Greier ein å seinke blod-pH frå normalen 7,4 til 5,5‑6,0 med eit stabilt nivå i 3-4 veker før kalving, så blir resultatet ein kraftig redusert risiko for mjølkefeber.
For å sjekke om ein oppnår ønskt effekt med fôringa, er måling av urin-pH den enklaste metoden. Juster så doseringa slik at kua er i det optimale pH-intervallet.
Ønskeleg med nær-kalvingsgruppe i sinkuavdelinga
.jpg)
Aukande mjølkeyting frå kalving aukar kalsiumbehovet raskt. Utan fôr med negativ KAD som gjev sur ionebalanse blir kua si evne til å mobilisere kalsium frå beinvevet nedsett.
Foto: Rasmus Lang-Ree
Skal ein få mjølkekyr til å halde seg friske og samtidig mjølke mykje er aktiv bruk av sinkuavdeling heilt nødvendig. Moderne kufjøs har derfor ei slik allereie. Det er derimot ikkje vanleg i Norge å dele sinkuavdelinga i to, slik bønder i andre vestlege land gjer. Men trass i at besetningane i Norge er små samanlikna med naboane våre er dette likevel ein veldig god idé. Avsina kyr startar sinperioden i fjern-kalvingsgruppa, og er der fram til ca. 3-4 veker før kalving. Der får den ein energifattig og volumrik rasjon som også inneheld klassisk mineral/vitamin-preparat tilpassa storfe. Når kua flyttast til nær-kalvingsgruppa, så får den ein liknande rasjon som i fjern-kalvingsgruppa. Men mineral/vitamin- tilskotet bytast ut til ein ny type som også inneheld høg andel coata kalsiumklorid. Eit slikt oppgradert sinkumineral er meir kostbart, og bør av økonomiske grunnar brukast først frå då av. Sjølv om det sjølvsagt er veleigna også til alle sinkyr.
I nær-kalvingsgruppa introduserast også kraftfôr frå no av, slik at vomma blir tilvent stivelse. Kua må òg få meir råprotein no (NorFor: 130 gram/kg TS i totalrasjonen) slik at det blir danna nok råmjølk med eit høgt nivå immunglobulin.
I nær-kalvingsgruppa er det også smart å venje kua til det gjær-produktet du vil bruke i laktasjonen, slik at kua toler betre opptrappinga av kraftfôr etter kalving. Kua svarar med å utnytte grovfôret betre og mjølke meir, og får betre fruktbarheit og generell helse.
Fotnote: Referansar kan fåast frå forfattar.
5 800 kroner PR. tilfelle
Ein skil mellom klinisk (synleg) og subklinisk (skjult) mjølkefeber.
I årsrapportane i Kukontrollen i 2022 ser vi at det var 5,9 behandlingar for klinisk mjølkefeber per 100 årskyr i 2. laktasjon eller eldre. I dei same rapportane nytta Tine eit «normtal» for kostnadar per mjølkefebertilfelle på kr 4 800. KPI-justering av satsen gir ca. 5 800 kr i dag. Kostnadane for subklinisk mjølkefeber kjem i tillegg.
Subklinisk mjølkefeber er ikkje like lett å oppdage, men er eit mykje vanlegare problem. Tilstanden påverkar om lag 50 prosent av nykalva kyr i den vestlege verda. Lågare mjølkeproduksjon, dårleg reproduksjon, svekka energibalanse og auka mottakelegheit for sjukdomar som løpedreiing, børframfall og mastitt er direkte knytt til tilstanden.
KAD
KAD = (Natrium + Kalium) - (Klor + Svovel). Natrium og kalium er positivt lada ion (kation), mens klor og svovel er negativt lada ion (anion). Ein negativ KAD rundt - 100 til - 150 mEq/kg TS påverkar syre-base-statusen til dyret ved å framkalle ein sur ionebalanse hos sinkua. Kroppen vil då bufre desse aniona med positiv lada ion som kalsium som mobiliserast frå beinvevet.

